Skjåk Energi Entreprenør er eit dotterselskap av Skjåk Energi som utfører elektrorelaterte handverkstenester for bedrifter, landbruk og private. Vi har med tida opparbeidd oss stor erfaring med montering av solcelleanlegg. Dette kombinert med god kompetanse og fagleg utføring gjer at vi, i samarbeid med registrert elektroinstallatør, leverer solide solcelleanlegg som toler vêrforholda i Norge godt. Vi har kompetanse og utstyr til å jobbe trygt og sikkert på tak. Frå hausten 2023 tilbyr vi også termografering og elkontroll.


Ta kontakt for en uforpliktande befaring.

Solcellemontering

Solcelleanlegg kan produsere nok energi til å dekkje ein god del av energibehovet til husstanden, og kan gje store innsparingar på strømrekninga over tid.
Mange strømleverandørar kjøper krafta du ikkje bruker sjølv (overskottsproduksjon). Les meir om plusskundeavtaler på heimesida til Aursjokraft AS.

Solenergi er rein og fornybar energi. Ved å installere eit solcelleanlegg, kan du redusere karbonavtrykket ditt og bidra til ei meir berekraftig framtid.

Vi hjelper deg gjerne med å prosjektere solcelleanlegg!

Elkontroll og termografering

Frå hausten tilbyr vi elkontroll og termografering. Vi er eit sertifisert føretak gjennom NEMKO og utfører kontrollar i samsvar med NEK405.

Over tid blir komponentar slite, leidningar kan bli utsett for skadar og varmgang kan oppstå utan at ein merkar det. Dette kan utgjera ein stor risiko for brann og elektriske støyt. Ved å gjennomføre regelmessig elkontroll kan du identifisere potensielle problem på eit tidleg stadiet og sørgje for at du har eit system som fungerer og er trygt.

Ein elkontroll, er den beste investeringa du kan gjera for å sikra ein trygg og påliteleg elektrisk infrastruktur i heimen og på arbeidsplassen.
Kontakt oss i dag for å avtale elkontroll og la dei erfarne elektrikarane våre ta hand om dei elektriske behova dine. Tryggleiken din er prioriteten vår, og vi ser fram til å hjelpe deg med å halde oppe eit feilfritt elektrisk system.



Epost: sol@sken.no


Telefonnummer: 612 13 801


Organisasjonsnummer: 925 767 824