Om Skjåk Energi

Selskapa


Skjåk Energi AS er lokalisert i Skjåk og er eit kommunalt aksjeselskap eigd av Skjåk kommune. I 2021 vart Skjåk Energi delt opp i 4 selskap: SkiakerNett AS, Aursjokraft AS, Skjåk Energi Entreprenør og Skjåk Vasskraft.


SkiakerNett AS står for drift og vedlikehald av strømnettet i Skjåk kommune, samt delar av tunnelanlegga på riksveg 15 mellom Skjåk og Stryn - som ligg i Stryn. SkiakerNett har også nokre kundar i Lom ved ysteriet og på Ramstadstrond.


Aursjokraft AS driv med sal av kraft i Skjåk og syrgjar for strøm til ca. 2100 abonnentar.


Skjåk Energi Entreprenør AS står for utbygging av fiber i Skjåk og montering og sal av solcelleanlegg. Selskapet har og vore innvolvert i prosjekt for å utvikle ny næringsverksemd i Skjåk, i tillegg har det vore interne diskusjonar om andre aktuelle satsningsområder.


Skjåk Vasskraft AS er eit selskap der drifta omfattar kraftforvaltning og deleige kraftstasjonar. Skjåk kommune har stedsvarande rettar i Øvre Otta DA og kraftverket Skjåk 1, som Skjåk Vasskraft disponerar for kommunen.


Raudalsdammen



Historie


Skjåk Kraftverk (seinare Skjåk Energi KF) vart stifta 23. juni 1919. Dei som stod for stiftinga var Skjåk kommune og Skjåk Almenning med 50 % kvar. Formålet var å bygge ut Aura kraftstasjon for å sikre lokal strømforsyning.


Anleggsarbeidet starta opp i juni 1919 og Aura kraftverk vart prøvekøyrt 16. januar 1920. Den offisielle igangsetjinga var den 22. februar 1920 med forsyning til 40 abonnenter over 7 transformatorer, frå Forberget til Sveen og med avgreining til Mallaug. 31. desember 1920, etter eit og eit halvt år, var bygge- og anleggsperioden over. Denne kraftstasjonen var i drift fram til først på 1960 talet.


Den neste utbygginga i Skjåk vart større og skjedde på 1960-talet. Kraftstasjonen Skjåk 1 vart sett i drift i november 1965 og utnytter fallet frå Aursjoen ned mot Otta-elva. Opplandskraft DA er eigar av Skjåk 1 kraftstasjon.


Tredje og største utbygginga kom på fyrsten av 2000-talet. Det er Øvre Otta DA som eig dei to kraftstasjonane i Øvre Otta utbygginga, Øyberget og Framruste, desse vart sett i drift i 2005.


Skjåk kommune har stedeverande retter i Øvre Otta DA og kraftverket Skjåk 1, rettane vert disponert av Skjåk Energi KF for kommunen. I tillegg disponerer Skjåk Energi konsesjonskraft og andre kraftrettar for eigaren, Skjåk kommune.


Energiverket står for distribusjon og omsetning av elektrisk energi i heile kommunen, samt dei delar av tunnellanlegga på RV 15 Skjåk - Stryn som ligg i Stryn. Vi har i dag i omlag 2000 kundar.


Skjåk kraftverk endra namn til Skjåk Energi i 1996. I 2006 vart everket omorganisert og elektrobutikk og installasjonsverksemda vart skilt ut. I dag har Skjåk Energi 18 fast tilsette. Frå 2019 vart Skjåk Energi KF omdanna til Skjåk Energi AS.


I 2021 delte selskapet Skjåk Energi seg opp i 4 selskap: Aursjokraft AS, SkiakerNett AS, Skjåk Energi Entreprenør AS og Skjåk Vasskraft AS der Skjåk Energi AS er morselskapet til desse selskapane.